ILLUSTRASJONSFOTO: Jeremy Bishop, Unsplash.com

DEBATT: Kva veg går ImF?

"Det ser ikkje ut til å bekymra ImF-Ung at dei går glipp av den kontaktflata som Kirkens Unge representerer. Det er berre å laga si eiga. Er det verkeleg så enkelt", spør Halvard Wiik i dette lesarinnlegget.

I Sambåndet nr. 04/2018, (21. april) kan me under overskrifta ImF-Ung sier nei til Kirkens Unge, lesa at styret i ImF-Ung ikkje vil vera med i Kirkens Unge. Dette trass i at Misjonssambandet, Misjonsselskapet, Normisjon og Israelsmisjonen sine ungdomsorganisasjonar, samt KRIK, Skolelaget, Søndagsskulen i Norge  m.fl., har funne dette tenleg. Kirkens Unge er ei strategisk samhandlings-plattform der organisasjonane og kyrkja vil stå saman om å gje born og unge trudomsopplæring. 

Dagleg leiar i ImF-Ung utdjupar  bakgrunnen for standpunktet. Eitt argumentet er at den såkalla ellipsemodellen ikkje fungerer lenger. Eit anna er at den teologiske utviklinga i Den norske kyrkja kan få konsekvensar for kyrkjelydane ein samarbeider med i dag. Eg er heilt samd i desse bekymringane og ser at det er ei utfordring å møta dei på ein klok måte.

Bladet Sambåndet vert lese av mange, også avis- og bladredaksjonar, herunder  bladet Sunnhordland.  Den 4. mai slår følgjande overskrift i mot oss: «Nektar å samarbeida med kyrkja». I ingressen, attmed biletet av ein smilande ImF-Ung-leiar, står følgjande utheva: «Eg ser ikkje Den norske kyrkje som ein god heim for barn og unge.»  

Samstundes førebur Indremisjonssamskipnaden årets storsamling (årsmøtet som var 8.-10. juni, red.anm.). Som vanleg prøver ein å gjera arrangementet kjent for alle gjennom annonsering og avisomtalar i m.a. bladet Sunnhordland og med  utfyllande stoff i krinsbladet Indremisjonsvenen. Tanken er sjølvsagt at flest mogleg skal koma på samlingane og møta solid forkynning.  Dagleg leiar i ImF-Ung skal vera hovudtalar heile stemnehelga. Tradisjonen tru er den lokale soknepresten aktivt medverkande på gudsteneste/festmøte søndag føremiddag, og i mange kyrkjer kringom vert det denne dagen teke opp offer til Indremisjonen sitt arbeid. Anar me eit paradoks her?

Kanskje er ikkje ellipsemodellen så daud som styret i ImF-Ung synes å tru

I same Indremisjonsvenen som inviterer til årsmøte, kan me lesa at i Stord Indremisjon er det slik at halvparten av dei unge som er med i bibelgruppe på bedehuset, også går i kyrkja. Lokallagsleiaren syns dette er flott, men ville helst hatt dei i bedehuset. I same bladet kan me lesa om eit godt fungerande samarbeid mellom kyrkje og bedehus i Eikelandsosen. Hovudbodskapen derfrå er at det er viktigast å få evangeliet ut, og at ein må bruka dei kanalane ein har. Det same tenkjer nok dei  som  har skrive under på «Samarbeidsplattforma Kirkens Unge». Kanskje er ikkje ellipsemodellen så daud som styret i ImF-Ung synes å tru.

Artikkelen i bladet Sunnhordland 4. mai om ImF-Ung sin samarbeidsnekt, sluttar med dette sitatet: «Kyrkja vil då ikkje vera ein stad der barn og unge kan koma til tru og der trua kan få næring og veksa». Eg er, og har vore, indremisjonsmann heile mitt liv, men ei slik utsegn likar eg dårleg. Dette er eit slag midt i fjeset på alle dei trufaste prestar og kristenfolk som i samarbeid år etter år, og trass i ein vanskeleg kyrkjesituasjon, står på  for nettopp å gje flest mogeleg born og unge ei sunn bibelsk plattform som dei kan byggja vidare på. Alt dette arbeidet avskriv  ImF-Ung som bortimot verdilaust, og det forstår visst ikkje dei andre 11 organisasjonane som ynskjer å samla kreftene for å verta meir slagkraftige i ei vanskeleg tid. Kva motivasjon gjev dette til dei som trufast står midt i arbeidet? Kva signal er det ImF med dette sender ut?

Dette er eit slag midt i fjeset på alle dei trufaste prestar og kristenfolk som i samarbeid år etter år står på  for nettopp å gje flest mogeleg born og unge ei sunn bibelsk plattform

Det treng ikkje vera slik at alle må vera samde i alt for at eit samarbeid skal kunna fungera. Men partane må vera samde om målet, i dette tilfellet å nå flest mogeleg born og unge med eit heilt og sant evangelium. Då er det klokt å leggja til sides standpunkt i meir perifere saker som har lite eller ingenting med det konkrete samarbeidsprosjektet å gjera.

Det er bra å ha tru på seg sjølv og det ein står for, men det er heller ikkje usunt å ha ei lita opning for tanken om at også andre kan ha «sett litt lys»

Det er bra å ha tru på seg sjølv og det ein står for, men det er heller ikkje usunt å ha ei lita opning for tanken om at også andre kan ha «sett litt lys». Det ser ikkje ut til å bekymra  ImF-Ung at dei går glipp av den kontaktflata som Kirkens Unge representerer. Det er berre å laga si eiga. Er det verkeleg så enkelt?

I avisa Dagen av 9. mai 2018 står det ein artikkel under overskrifta Hvorfor er det så få kristne journalister?  Ein kristen journalist trur svaret kan vera at kristne er mer opptatt  av å bygge menighet  enn å bygge samfunn. Det er nærliggjande å spørja: Har denne problemstillinga relevans inn i vår situasjon?

ImF sitt motto og oppdrag er «Med Guds Ord til folket». Det står ikkje «indremisjonsfolket» eller «bedehusfolket».  Mitt spørsmål er: Oppfyller me mottoet  best gjennom å prøva å samarbeida og stå saman med andre kristne for å vera der folk er, eller ved å vera oss sjølve  nok? Anar me tendensar til ei  utvikling i sekterisk retning, og ynskjer me i så fall det?

Anar me tendensar til ei  utvikling i sekterisk retning, og ynskjer me i så fall det?

Den negative kristendomsutviklinga i Norge starta lenge før dei som no leiar ImF-Ung kom i  posisjon. Situasjonen tilseier at det er heilt nødvendig å tenkja alternativt, og dette ansvaret tek ImF-Ung. Det er sunt, og eg ynskjer dei all mogeleg lukke i arbeidet sitt.  Eg er likevel noko usikker på om det standpunktet ImF-Ung  no har teke i Kirkens Unge-saka, er det mest fornuftige.

Fitjar, 12. mai 2018

Halvard Wiik

Først publisert på ImF-Ung-sidene i Sambåndet nr. 06/18.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.